lørdag, mai 21, 2005

will you teach me how to fight

På tysdag åt eg pizza, og brann meg i ganen undervegs. På onsdag kan eg ikkje hugse å ha kjent noko særleg til det. I går var det vondt å spise, og hadde generelt ikkje blitt betre. I dag har det vore heilt absurd vondt. I morges tok eg ein paracet, som nok hjalp litt. Då eg kom heim etter å ha vore på jobb på Kvarteret tok eg to til. Dei hjalp såpass at eg ikkje kjenner så mykje til det akkurat no, bortsett frå at eg har vondt i halsen. Eg kan ikkje heilt skjøne korleis ein brent gane kan gje meg hovudverk og vondt i halsen. Men slik er det altså. For øvrig var det til tider nokså slitsomt å jobbe, mykje grunna denne ganen og hovudverket den av ein eller annan grun har funne på å påføre meg. Teit.

Me var på visning i eit veldig fint husvere i dag. Nokså dyrt, men veldig fint. Eg er litt skeptisk til å bu saman me BI- og jusstudentar, men dei verka ganske trivelege likevel. No gjenstår det å sjå om dei vil bu med oss. Ny visning på måndag, visstnok.

Det vart sagt i ein kommentar her om dagen at eg har vore modell. Det er litt sant. Eg og Therese og Magnus var ute og tok bilete. Eller nei, dei tok bilete. Eg berre var der. Så fann eg eit artig skilt, og då ville dei ta bilete av meg og dette skiltet. Det blei blant anna slik:
Image hosted by Photobucket.com

No skal eg sove. Etter at eg har nemnt at Junior Boys er bra. Teach Me How To Fight er saker.
Free Hit Counter
Free Hit Counter