tirsdag, mai 10, 2005

they'll never catch me now

Eg trur veldig få materielle ting har gitt meg så stor umiddelbar glede som den jakka eg fann i postkassa i går. Den er rett ut fantastisk fin. Om dykk er veldig uheldige, så tek eg kanskje eit bilete eller to. Men det gløymer eg sikkert likevel.

På laurdag var eg i 90-årsdag i Sauda. Farmor har blitt vaksen. 90 år er verkeleg mykje meir enn du (eller eg, då) klarer å førestille meg. Eg tykkjer eg har levd ei stund no når eg er snart 22. 90 er enno meste 70 år til. Det skal eg tenkje på neste gong eg kjenner meg gammal.
Elles var det rett så triveleg å treffe diverse tanter, onklar og syskjenbarn. Med tanke på at fleire av dei faktisk bur her i Bergen, burde me jo kunne treffast oftare. Men av ein eller annan grunn så skjer ikkje det. No vel.

Og no må eg tilbake til lesesalen, og lese på engelsk fonologi.
Free Hit Counter
Free Hit Counter