onsdag, mai 04, 2005

such a beautiful day

Kvifor har ingen fortalt meg at Jonathan Richman er ein fantastisk mann som lagar fantastisk musikk? Jaja, eg burde kanskje vite det allereie. Men det gjorde eg då ikkje. No må eg sjå å få kjøpt noko av han.

Den vanlege "Våre små hemmeligheter"-samlinga hos Eivor og Tone i dag. Det var triveleg og fint, som det alltid er. Det var visst ein veldig engasjerande episode, i alle fall blei Silje engasjert. No vel. Etterpå gjekk me på Finnegan's, fordi eg kan aldri lære at eg ikkje bør gå ut når eg ikkje har penger til det. Men Finnegan's er litt greie sånn sett. Dei er nemleg offline, og difor har eg tid til å ta ut det lille eg har på konto før dei trekk det dei skal ha. Så det blei ein Guinness. Det gjer ofte det på Finnegan's. No hadde det forresten vore fint om nokon kunne fortelje meg at dei er litt imponerte over at éin Guinness ikkje blei to og tre Guinness. Eg er i alle fall litt imponert over at eg ikkje blei med dei andre på Garage etterpå.

Eg byrjar å kjenne presset på å bli ferdig med dei to analyse-oppgåvene mine no. Waiting for Godot nærmar seg stadig, litt etter litt. Studenten har eg ikkje gjort noko meir med. Men i morgon skal eg og Magnus ta ein kollektiv kikk på det heile, for å prøve å gjere kvarandre litt klokare. Det kan vere lurt, trur eg. Fristen er nifst nære no.

I går jobba eg på Kvarteret. Ein skulle ikkje tru at det å jobbe siste skift på ein mondag skulle vere mykje jobb. Men når me berre er to på jobb så blir det fort ein hard økt berre å stenge. To timar etter at me stengte baren, var me ferdige med alt. Tru om ikkje ein viss Magnus eigentleg skulle ha jobba. Humhum.
Free Hit Counter
Free Hit Counter