fredag, mai 13, 2005

in my ten-floor tenement where once our bodies lay

Eg hadde ikkje tenkt meg ut i går. Men så blei eg invitert på øl i parken, og då gjekk det i grunnen slag i slag til eg var heime i tre-firetida. Som ei følgje av dette har eg gjort svært lite konstruktivt på lesesalen i dag. Men eg klarte å kome meg opp rundt halv ti, trass i at eg hadde mest lyst til å oppløyse meg sjølv då eg vakna. Vann var godt å ha.

Me var innom Inside Rock Café til slutt i går. Det verkar som ein blodharry stad, men dei spelte Search and Destroy då me kom inn, og då blei inntrykket mitt av staden momentant mykje betre. Men det blir nok likevel ikkje veldig mange besøk dit.

No var det plutseleg på tide å saumfare hybel.no. Nokre interessante stader er funne. Det er visningstid snart, trur eg. Vonar me finn noko ganske fort, eigentleg. det hadde vore fint å få avklart kor eg skal bu til hausten.
Free Hit Counter
Free Hit Counter