tirsdag, mai 17, 2005

i'm cold as a new razor blade

I morgon har eg eksamen i ENG101. Litt skremmande, blant anna med tanke på at eg har såpass lite nerver at eg var ute meir enn eg har vore ute på ganske lenge, så seint som i går. Eller, fram til i dag morges, eigentleg. Gøy og flott vorspiel blei til Kvarteret, kor det blei dansa hardt og heftig av ganske mange menneske (meinar eg å hugse), blant anna meg. Det var veldig gøy og sånn, og det måtte eigentleg gå nedoverbakke derifrå. Ikkje bratt, berre litt slakt nedover. Me endte i alle fall opp med nachspiel hos oss, som eigentleg var heilt ok. Om enn ikkje fullt så ok for dei tre som låg og sov. På den andre handa, som dei seier på engelsk, folk har hatt nachspiel her før, og haldt meg vaken i eit par timar. Så eg har vel eigentleg inga stor skuldkjensle. I alle fall så satt me her til rundt seks, trur eg. Då gav me oss tilbake til byen for å spise hotellfrukost. Men ingen av dei hotella me halvhjerta forsøkte oss på, ville ha noko av oss. Klokka sju smalt det høgt og utriveleg i kanonar, så me gjekk til Ingeborg og Silje og dei for å ta ein blund på sofaen. Det fungerte i grunnen ganske greit. Eg fekk ikkje sett noko tog, men den fascinasjonen mista eg vel for ein del år sidan no. Eg hadde tenkt å spise is, men litt halvkaldt vêr, samt eit stadig aukande behov for mat, gjorde sitt til at det ikkje blei noko av. Det vil seie, eg kjøpte meste ei pakke med sandwich-is. Men den kosta meste førti små og holete sølvmyntar.

Eg skulle då vel skrive noko meir. Men eg hugsar ikkje kva. Det får bli ein annan gong. Til dømes når eg er ferdig med eksamen. Me skal forresten på visning ein eller annan stad i morgon. Hugsar ikkje kor. No skal eg vel sove.
Free Hit Counter
Free Hit Counter