søndag, mai 15, 2005

the flies that buzz around where i now be

Ganske /u'ko:/ (fonologi er gøy) å jobbe på Kvarteret i går. Til tider mykje å gjere, men alt går bra med litt tolmod. Også gjorde eg meg sjølv litt stolt då eg klarte å opne ei flaske kvitvin med korkekork heilt plettfritt. Korkekork er skummelt, spesielt når det ikkje er eg som skal drikke vinen. For øvrig var me ikkje ferdige med rydding og stenging før det var blitt ganske lyst ute. Nachspielet blei ein kort affære for vår del. Me henta vår gratis jobb-øl, og gjekk heim etter den. Eg trur eg var heime rundt halv seks.

I dag skal me på visning ein eller anna stad. Eg veit ikkje heilt kor, men reknar med at Magnus har kontrollen. Elles merkar eg at Can er ganske artig. Halleluhwah! Staseleg.
Free Hit Counter
Free Hit Counter