lørdag, mai 14, 2005

don't lose yourself

I går drakk eg Hoegaarden. Hoegaarden var godt. Eg trudde ikkje at eg kunne bli særleg glad i eit øl som har ein honningaktig smak. Men så kan eg visst det likevel. Berre synd det er så dyrt. Eller, så frykteleg dyrt er det vel kanskje ikkje med 39kr for 0,33l, men det er mykje dyrare enn Hansa. Også møtte eg på ein kar som eg gjekk på ungomsskulen med, og han var jo sanneleg ein triveleg kar. Trass i at han jobbar i Forsvaret, vil eg seie, men så er det eigentleg litt teit å seie. Eg seier det jo likevel.

I kveld skal eg jobbe siste skift på Kvarteret. Det blir sikkert gøy. Men slit. Det er så keisamt å stenge. Det er i det heile tatt keisamt å drive med ting som har med rydding å gjere. Men så blir det nachspiel. Og og og. Kven veit. Det blir nok gøy.

I dag er det nøyaktig eitt år sidan siste dagen på folkehøgskulen. At tida går fort er så klisjé at det berre må nemnast. Det er omtrent hundre år sidan eg og Runa fylletelefonerte. Men i går kveld avtala me å ta opp att denne fine tradisjonen som me laga oss for rundt eitt år sidan, når me er ute natt til tysdag.

I dag er og dagen då alle avsnitta mine byrjar med presisering av tid. Kor keisamt er vel ikkje det? Det hender at eg les ting som truar med å ta fra meg alt mot i forhold til skriving. Uoppnåeleg, tenkjer eg. Pennen ligg tryggare på hylla enn i handa. Men så er det jo berre vas. For på hylla gjer pennen ingen forskjell. Men akkurat no kan eg ikkje skrive. Eg er i eit limbo fram til eg veit om eg kjem til å gå på Skrivekunstakademiet til hausten. Og det er så sjølvmotsigande at det og berre må nemnast. Øyvind Rimbereid og Tormod Haugland eig meg fram til eg veit om dei har tenkt å fortsette med det. Men det er og berre vas, for eg tenkjer ikkje så mykje på det. Det skjer så mykje anna, og når eg har hatt engelskeksamen den attande mai har eg hatt eksamen på to av dei verste datoane det går an å ha eksamen på. Den andre er fjerde juni, og då eg hadde praktisk eksamen i media frå tredje til femte juni, blei eg nitten år på den dagen i midten. Dagen etter fekk eg servert ein toar, og det var i det heile inga stor oppleving å bli nitten. Til og med tjueto trur eg blir betre, sjølv om tjueein ikkje var allverda. Eller, eg hugsar ikkje dagen då eg blei tjueein, trass i at det er mindre enn eitt år sidan. Og det er i grunnen litt rart, med tanke på at eg hugsar ein usortert haug med dagar før den dagen. Men eg har konkludert med at å bli tjueein ikkje var minneverdig, og det kan umogleg vere feil i og med at eg ikkje hugsar det. Om tjueto blir betre, hugsar eg det kanskje om eitt år. Men sola er borte i dag, og det er som om noko forsvann med den, utan at eg veit kva. Kva?
Free Hit Counter
Free Hit Counter