onsdag, mai 18, 2005

are you a teacher of the heart (soft she answered no)

Eksamen gjekk heilt fint. Det viste seg at eg ikkje hadde nokon grunn til å ha nerver, så det var jo like greit at eg aldri fekk det heller. B hadde vore fint, C hadde vore greit. Eg trur eg var førstemann som gjekk, utan at det er noko å strebe etter. Det berre har seg slik at eg ofte blir tidleg ferdig på slike ting. Heildagsprøvar på ungdomsskulen og vidaregåande. Same greia. Eg har aldri vore glad i å skrive kladd, og det kan ha noko med saka å gjere. I alle fall. Det gjekk bra, og no har eg nokre veker å lese meg opp på pensum og teori i litteratur, før eg skal ha munnleg eksamen om lyrikk og essay.

Då eg var ferdig med eksamen, synst eg at eg hadde vore så flink at eg måtte belønne meg sjølv med ein cd og to. Valet fall på Junior Boys - Last Exit (til seksti små kroner) og Jonathan Richman - Action Packed. Eg har ikkje fått høyrd på Junior Boys enno, men Jonathan viser seg å vere ein av dei betre menn i mi platesamling. Bra fyr. For øvrig har eg høyrd masse masse på Picaresque dei siste vekene. Veldig bra album, ja. Bagman's Gambit er storslagen.

Eg må sjå å få tak i billett til Øya. Eg kan ikkje gå glipp av Sonic Youth når dei faktisk er i landet. Det kan eg berre ikkje. Også må eg få søkt på eit par sommarjobber til. Eg trur det trengs. For øvrig, om nokon kjenner nokon i Stavanger-området (eller Bergen, forsåvidt) som treng sommarvikar eller liknande, så er det berre å rope ut.

No dei første par dagane ventar eg spent på svar frå Skrivekunstakademiet. Om det ikkje kjem noko i løpet av den neste veka eller sånn, så kan eg nok rekne med at eg ikkje kom inn. No er det berre å vente og sjå. For øvrig er det eit intervju med godaste Øyvind Rimbereid i dagens Dagbladet. Eg kan trygt anbefale alle å lese båe det og hans siste diktsamling, Solaris Korrigert. Det eg har lest/høyrd frå den er rett ut fantastisk.
Free Hit Counter
Free Hit Counter