onsdag, mai 04, 2005

all that you want to be

Pausetid for Hr. Godot. Eg er meste ferdig no. Det er visstnok slik at ei av dei to oppgåvene me leverer inn skal få karakter. Eg veit ikkje korleis dei bestemmer kva for ein, men eg vonar at det blir denne og ikkje Studenten. Sistnemnde blir nok litt halvgjort. I alle fall. Denne er, som sist, stolen frå ErikAH.

Siste låt lasta ned fra nett: Om eg reknar med Soulseek, så er det The Sweeping Wind av Jonathan Richman. Utanom Soulseek trur eg det må vere den siste Captain Democracy-låta Morten la ut.
Favoritt TV-program: 24 er ein stor favoritt. Typisk norsk er og veldig bra, men eg får jo aldri sett det, fordi dei andre absolutt skal se Fagerstrand.
Så mye penger bruker jeg i måneden: Det eg har.
Sist forelsket: Hmm. Tja. Kanskje ein gong i vår, men kanskje ikkje.
Meg om fem år: Etablert forfattar som likevel klarer å halde seg sånn nokolunde unna rampelyset.
Drømmer om å kline med: Vanskeleg. Det er jo så mange å velgje i. Ho mørke i Sugababes er jo snasen.
Mine beste og dårligste sider: Eg har ikkje mykje sjølvinnsikt.
Min største helt: Trond Viggo er helt. Kanskje den største.
Årets Idol-favoritt: Eg likte Eva best, men ho er jo ute. Kanskje Erik? Jo, det må nok bli Erik.
Intervjuet fant sted: På mitt eige soverom, akkurat no med Mercury Rev på øyret.

1. Hva gjorde du i går? Sov for lenge. Spiste frukost. Spilte litt tv-spill-fotball med Erik (tapte med Italia mot Frankrike, vann med Brasil mot Argentina). Skreiv litt på Godot-oppgåva. Dro på "Våre små hemmeligheter"-samling. Dro på Finnegan's. Dro heim. Satt oppe for lenge. Sov.
2. Hvem er vennene dine? Meste alle som vil, om dei berre viser det.
3. Hvor pleier dere å være? Oftare og oftare blir det Kvarteret. I alle fall på dagtid. Eg prøver å dra på Hulen så ofte eg kan i helgene, men det er ikkje alltid det lar seg gjere.
4. Kjenner du noen på den andre siden av byen? Tja. Eg kjenner då folk på båe sider av byen. Nordnes ligg liksom litt midt inn der.
5. Hva gjorde du i fjor sommer? Var i Oslo, på Roskilde, i Bergen og heime i Stavanger.
6. Hvis bestevennen din forteller at han/hun er homofil, hva sier du da? Sannelig om eg veit kva eg hadde sagt, men det hadde i alle fall ikkje vore eit problem i det heile teke.
7. Når er det vanlig at ungdommer du kjenner har sex for første gang? Første uka på folehøgskulen spilte med eit spill der eit av spørsmåla var i den retninga. Eg trur me havna på frå under 16 til over 18. Det vanlege, vil eg tru.
8. Hvilket yrke ønsker du deg? Forfattar. Oversetjar? Kanskje.
9. Hvem bor du sammen med? Jonas, Peder og Erik.
10. Har du kjæreste? Nehehei. Jentelus.
11. Hva er det beste med skolen? Papirfly var lenge ein favoritt.
12. Det verste med skolen? Åh, mange ting, meiner eg å hugse.
13. Det beste med å vokse opp i Oslo? Dårlig med førstehandsinformasjon der.
14. Det verste med å vokse opp i Oslo? jaja og cetera.
15. Hvor ofte surfer du på nett? Så godt som kvar dag. I alle fall når me har internett i heimen.
16. Hvor er du når du surfer? Spørsmålet forsvann for meg, men eg trur eg klarte å hugse det sånn nokolunde. Og då er eg anten heime eller på skulen.
17. Hva vil du at Dagbladet skal skrive mer om? Det har eg inga formeining om.
18. Har du blitt tilbudt dop? For så vidt.
19. Kjenner du noen som bruker dop flere ganger i måneden? Det gjer eg vel og. Trur eg.
20. Bruker flere av vennene dine prevensjon? Eg vil jo tru det. Ingen av dei er gravide enno, i alle fall.
21. Vet du om noen som stjeler i butikker? Ikkje som eg veit om. (Så kjedelege svar eg hadde i dag, då.)
22. Vet du om noen som går med kniv eller andre våpen? Det kan eg då aldri tenkje meg.
23. Tror du mange ungdommer blir utsatt for sexpress? Tror og tror. Ja, jo. Det er ikkje ein sak eg tenkjer så mykje på.
24. Vet du om noen ungdommer som har blitt utsatt for vold? Kanskje, men i så fall snakkar dei lite om det.
25. Vet du om noen ungdommer som har blitt utsatt for rasisme? Mogleg. Eller, ganske sikkert, vil eg tru.
Free Hit Counter
Free Hit Counter