torsdag, april 28, 2005

then we lie beneath the shady tree

Dette har vore ei fin veke, i alle fall sånn reint vêrmessig. No som eg får gratis kaffe på Kvarteret, er eg der stort sett kvar dag etter eg har vore på skulen. Og kvar dag er det nokon eg kjenner der. Også sit me ute i sola. Det er ein fin ting. Og i morgon er det Kvarteret-fest. Det trur eg fort kan bli bra.

I går spelte eg sjakk, for første gong på veldig, veldig lenge. Så var det jo eigentleg ganske gøy, fann eg ut. Det kan fort bli meir sjakk. Men eg har fortsatt ikkje vunne. Det kjem nok. I dag spelte eg Backgammon med Margrete, og vann to gonger. Tapte kanskje... fire, fem? Eg er nok ikkje så god i desse spela.

Elles har eg fått The Decemberists - Picaresque og Edan - Beauty and the Beat i postkassa. Decemberists er bra, som forventa. Edan er kanskje betre enn forventa. Den er i alle høve bra. Eg er godt nøgd med begge to. Og antageleg er Beauty and the Beat det beste hiphop-albumet eg har. Eg har ikkje mange, men dog. No ventar eg berre på MM-jakka. Og ein Bonnie Prince Billy-plate og t-skjorte som har vore på veg i fleire månader. Det er på tide å dukke opp no, altså.

Neste fredag har eg innleveringsfrist på to oppgåver i ALLV101. Ein analyse av Waiting for Godot (som for øvrig blir satt opp av studentteateret Immaturus neste veke) og ein analyse av Studenten, av Anton Tsjekhov. Og når eg har levert dei, ber det rett i 90-årsdag til farmor. Hmm, det skjer eigentleg litt for mykje i mai. Apropos, på onsdag er det konsert med Shane MacGowan & The Popes, som eg kanskje kjem meg på trass i mangel på råd til billett. Thank you, Therese (fiffig referanse til Thorn, eller?)!
Free Hit Counter
Free Hit Counter