fredag, april 08, 2005

my baby in a coffin

Onsdag var eg på sleppfest for litteraturstudentanes eige blad, Prosopopeia. Høgtlesing av Endre Ruset, Olaug Nilssen og Øyving Rimbereid. Gode var dei alle saman, men eg må verkeleg anbefale alle og einkvar å ta ein kikk på Rimbereid si siste utgjeving, Solaris Korrigert. Den er fjong som få. For øvrig er Endre Ruset på same kollokviegruppe som meg. Flink kar. Men Øyvind Rimbereid, altså. Verdt å merke seg.

Elles har me nok ein gong, på uforklarleg vis, fått trådlaust internett hos oss. Kor lenge det varer denne gong er uvisst. Men det er nokså ustabilt, og eg klarer ikkje å finne noko betre enn lav signalstyrke. Gøy er det i alle fall, enn så lenge.

Åh. I'm Gonna Be (500 miles) med The Proclaimers er ei kjempelåt. Aksenten er fantastisk.
Free Hit Counter
Free Hit Counter