onsdag, april 13, 2005

just to be the man who walks a thousand miles to fall down at your door

Magnus har vore flittig og laga ei fantastisk fin t-skjorte til South Park-Bjarte. Eg har fortsatt lyst på ei "yarr"-skjorte, men denne her er veldig fin. Glose til Magnus.

Image Hosted by strangebelieve

Elles har banken på uforklarleg vis auka innhaldet på kontoen min, frå 39kr natt til i dag, til 439 i dag. Eg skjønar lite, men tek imot med glede. Spørsmålet er kor tid dei finn ut av det, og krev dei attende. Men den tid, den sorg.
I dag tok me ein liten tur ut på ein Guinness og to, saman med læraren vår frå folkehøgskulen i fjor. Klassen hans i år er visst ikkje like medgjerlige som oss. Mheh. Eller, han sa vel helst at dei er noko vimsete, og at det fører til ein del problemer som han gjerne skulle ha vore forutan.

No er eg så godt som ferdig med undervisinga dette semesteret. Tysdagar har eg heilt fri, ein time med seminar onsdag, to timar med forelesing torsdag og ein time fredag. No bør eg bruke all denne "fritida" til å skrive oppgåve og lese. Eg trur målet mitt må vere å gjere noko skulearbeid kvar dag. Det burde vere mogleg å få til.
Free Hit Counter
Free Hit Counter