mandag, april 18, 2005

i was dressed for success

Artig helg. På fredag var eg først hos Anne Cath og dei, og spiste veldig god mat. Greske kjøttbollar. Nam. Så bar det til Hektors, kor det vanka øl og mykje moro. Litt nedtur blei det då med dro til Hulen, kor dei hadde leigd inn ein DJ som ikkje heilt passa inn der. Og eg brukte altfor mykje penger.

I går var det sommerfest, og no er våren her for alvor. Ein liten mengde med fine folk som eg ikkje har sett på ei stund var på festen, og det var rett så triveleg. Steffen og meg diskuterte vidare ideen vår om å lage ringar av ølkorkar. Julie blei hyra som produksjonssjef, i og med at verken eg eller Steffen klarer å lage desse ringane. Dessutan gav han meg tilbod om å bo gratis hos han under Quarten, om eg har tenkt meg ned. Hyggeleg kar. Eg må meste vurdere det.

Elles hadde me ein artig leik som for ein gongs skuld ikkje gjekk ut på å drikke mest mogleg. Også blei eg liksom-antasta av Eivor og Hanne. Trur eg. At det var på liksom, altså. Eg er dog ikkje heilt sikker, i og med at eg på eit eller anna mystisk vis blei forlova med Hanne seinare på kvelden, på Kvarteret. Eg fekk ikkje heilt med meg korleis det gjekk for seg, men eg måtte i alle fall sjå å få tak i ein ring til ho. Det får bli ein ølring i så fall.

I dag tok me den to minutter lange turen til Nordnesparken, og det var varmt og fint og koseleg. Våren er den beste årstida. Sett vekk frå eksamen. No har eg forresten funne ut kvifor eg har rota sånn med eksamensdatoane mine. Det viser seg at fristen for innlevering av analyseoppgåvene i ALLV101 er 6.mai, mens eg trudde det var datoen for munnleg eksamen, som ikkje er før 24. eller 25. eller rundt der. I morgon trur eg at eg skal gjere skulearbeid i Nordnesparken. Det skal bli endå varmare. Vår gjer meg glad. Vår er fint.
Free Hit Counter
Free Hit Counter