mandag, april 11, 2005

i need a cold one now

Fin konsert med Herman Düne i går, og no har eg på meg ei fin, kvit t-skjorte som blei min for usle 100kr. Dama som båe varma opp og var med bandet på slutten av konserten fekk eg ikkje med meg namnet på, men ho sang veldig fint. Dessutan var live-versjonen av They go to the woods veldig tilfredsstillande. No må eg kjøpe fleire album.

Allereie før lånet har kome inn på konto, ser eg det forsvinne i horisonten. Meste 1000kr til nettleie, 200-300 til MM-genser, 3350 til husleie. Då er det ikkje mykje som står igjen. Eg får vel overleve på luft og... luft, som vanleg. Det blir ofte slik, all den tid eg ikkje akkurat er den ivrigaste jobbsøkjaren. Men no må eg sjå å få kontakta nokre barneskoler i Stavanger, om det kan vere mogleg å få sommarjobb i SFO. Det hadde vore stas, ser eg for meg. Spesielt om eg kunne fått Roskilde-veka fri.
Free Hit Counter
Free Hit Counter