torsdag, april 28, 2005

gold teeth and the curse for this town

Denne kopierte eg frå Erik.

Skriv navnet ditt: Bjarte
Kallenavn: Eg trur ikkje eg har noko særleg med kallenamn. I alle fall no som Ingela ikkje er her til å kalle meg alt mogleg rart. Rett nok har Hanne kalla meg ektemannen hennar i det siste, men det går vel eigentleg ikkje under kallenamn.
Antall lys på siste bursdagskake: Trur ikkje det var noko lys på den. Eller, kanskje? I så fall var det 21.
Dagen du blåser ut lysene på bursdagskaka: Ideelt sett 4. juni.
Kjæledyr: Eg hadde ein kanin. Den døydde for sju-åtte år sidan, trur eg.
Øyenfarge: Blå.
Fødested: Stavanger. På sjukehuset som ligg rett over gata for huset der eg budde heilt til eg flytta til Bergen.
Byen/stedet du regner som "hjemme": Det er vel eigentleg Stavanger. Men i stadig mindre grad.
Skolen du går på: Universitetet i Bergen. Om eg er heldig (eller om har vore flink, skal det kanskje vere) blir det Skrivekunstakademiet til hausten, i eitt år.
Nåværende bosted: Nordnes.
Vært i Amerika?: Neh.
Vært så forelska at det fikk deg til å gråte?: Det trur eg faktisk ikkje.
Vært i bilulykke: Eg sov. Altså, ja.
Is eller kaffe: Kaffe. Alltid, alltid kaffe. No til og med gratis.
Sutteklut eller kosedyr: Heh. Her om dagen påstod eg at ein fyr skriv som ein jævla sutteklut. Eg trur det må bli kosedyr.
Fem ord som beskriver deg: Helst ikkje.
Farge på sokkene: Stort sett svart. I det siste har eg innsett kor keisamt det er, så no har eg byrja kjøpe meir interessante sokkar.
Favorittfilm: Eg trur eg må seie Leon, av Luc Besson. I alle fall akkurat nå.
Favorittgruppe: Ach. Det tradisjonelle svaret har alltid vore Radiohead. Det siste året har eg nok høyrd mest på Modest Mouse. Men eg trur ikkje eg heilt kan bestemme meg for dette.
Favoritthøytid: Om våren var ei høytid. Elles likar eg jula godt.
Favorittsang for tiden: Sudden Infant Dance Syndrome - Baseball Geist. Trur eg. For ikkje lenge sidavar det Doin' The Cockroach. Tøfftøff!
Favorittukedag(er): Tja. Eg kjenner meg litt diplomatisk, og ser eigentleg alle dagar som potensielle favorittdagar.
Favorittblomster: Eh. Morfar er visstnok utdanna gartner. Eller, eg veit ikkje om han er utdanna, men han har visst vore gartner, i alle fall. Nei, eg veit ikkje.
Favorittdrikk: Øl/Kaffe/Vann. Det kjem an på.
Favorittfotballaget: Viking og Blackburn. Utan at eg blir veldig deppa om det ikkje går vegen med dei. Medgangssupporter, ja.
Free Hit Counter
Free Hit Counter