torsdag, april 07, 2005

a fake jamaican

No som det er kjent at Sonic Youth kjem til Roskilde, ser det ikkje ut til at eg har noko anna val enn å be min kjære onkel om jobb på Rema1000-lager. Men kva gjer ein ikkje for sine favorittband?

Elles er det meste sol i dag. Våren er på veg tilbake, trur eg. Reknar med at me har vetorett mot meir snø. Det er trass i alt eit velferdssamfunn me lev i her.
I dag hadde me siste forelesing i litteratur. No er det opp til meg sjølv. Eigentlig ikkje så skremmande. Eg trur det skal gå greit. I alle fall til slutt.

No må eg ut i sola.
Free Hit Counter
Free Hit Counter