tirsdag, april 05, 2005

believe in neither but fear them as well

Hei og hopp og plutseleg fann eg ut at Herman Düne spiller her i byen på søndag. Så kom eg på at det er lenge sidan eg har skrive noko her. No er det vel i så måte på tide. Såh.

Den essayanalysen eg trudde eg skulle levere sist torsdag, skulle (skal, faktisk) eg ikkje levere før no på torsdag. Det fann eg ut då (det eg trudde var) fristen gjekk ut sist torsdag, klokka fjortenhundre, då eg stod leveringsklar med eit knapt halvgjort utkast. Då hadde eg sete til tre natta før og lest Michel de Montaignes Om Bøker, og stått opp åtte for å skrive ein forsøksvis analyse. Og altså blitt noko rundt halvferdig. Men det var eigentleg heilt greit, fordi eg endeleg hadde grunn til å føle meg flink og produktiv. Og no får eg levert eit betre, meir ferdigskrive, utkast. Om bøker er dessutan eit nokså underhaldande essay, tykkjer eg. Eg mistenkjer Montaigne for å ha vore ein artig kar.

Sidan 24 har byrja med ein ny sesong på TV2, er nok stova vår full kvar måndag framover. Dei første tre episodane lover bra. Andre ting som lover bra er trailerane til det nye Zelda-spelet som kjem til hausten.

I går sat eg og kikka på skriveting som eg heldt mykje på med ei stund, men som eg har teke ein pause frå i det siste. Heldigvis oppdaga eg at det såg betre ut enn eg kunne hugse, så kanskje fortset eg med det no. Eller, eg byrja vel å fortsette allereie i går. Vonar eg kan klare å drive på vidare. Forresten, dei aller mest innbitte lesarane (tellar-saken nærmar seg 3000, noko som er ganske utruleg, spør du meg) kan moglegvis hugse at ein hobbyregissør frå Stavanger ville lage film av ein tekst eg har skrive. Om dykk skulle ha lyst til å lese teksten, så kan dykk gjere det her. (Legg merke til kor god er til å lage lenker i dag. Elles er eg nær sagt analfabet når det gjeld html-ting.) Den særs sympatiske (alle som vil lage film av noko eg har skrive er sympatiske) karen har sendt meg manus, og det såg lovande ut. Morogøy.
Free Hit Counter
Free Hit Counter