fredag, mars 18, 2005

time may change me but i can't trace time

I går feira me St. Patrick's Day. Mykje liv på Finnegans. Gøy med Guinness. Ikkje så gøy for andre, som til dømes avslutta kvelden med whiskey, etter mange glass Kilkenny. Det var visst ikkje så lurt, høyrde eg. Eg trur heldigvis eg har lært leksa mi når det gjeld whiskey. I alle fall, det var gøy. Eg saknar Irland, ja.

Eg held på lese Thomas Pynchon si bok, Katalognr. 49. Eg er veldig overtydd om at Pynchon er, eller kjem til å bli, ein av mine favorittforfattarar. Eg gler meg til å byrje på Gravity's Rainbow etterpå, sjølv om den er diger. Eg er litt redd for tjukke bøker, fordi eg ikkje les spesielt fort. Det tok meg to forsøk i løpet av eit år å lese ut Catch-22, enno så god eg tykkjer den er.

Eg la merke til i går, då eg kjøpte påskemarsipan, at den smakar nokså forskjellig frå julemarsipan. Det er litt fascinerande. Eg lurer på kva dei gjer annleis. Eller om det berre er mentalt. Også gler eg meg til påskeegg. Eg gler meg ikkje så mykje til kjenslen av å ha ete altfor mykje marsipansjokolade på altfor kort tid, men det heng liksom med. Det er ikkje til å kome utanom. Tradisjon er tradisjon, slik er det.

Hopalong Knut i kveld. Bør bli bra. Elles er det litt kjedelig her, då dei fleste har reist heim til påske. Men det er no et par av oss att enno. No kjenner eg at Rimi-pizzaen venter på meg heime.
Free Hit Counter
Free Hit Counter