onsdag, mars 23, 2005

reminding me we used to be three and not two

No er eg heime, og småsjuk. Senga eg har her er ikkje den beste. Men me har fått fint bad sidan sist eg var her. Fliser og varmekabler og spotlights og alt som er fint. Det er ikkje dumt.

Hopalong Knut spelte ein bra konsert på fredag. Eg kjøpte fin t-skjorte, og det var eigentleg ganske gøy. På laurdag såg eg Leon, som var ein veldig bra film, og i går såg eg Bowling for Columbine, som i alle fall var interessant. Eg er på sett og vis litt seint ute med å sjå den, men trass i alt er det jo betre seint enn aldri.

Også er det ikkje så mykje meir å fortelje. Eg skal levere utkast på essayanalyse neste torsdag. Eg trur eg skal samanlikne eit essay av Garborg og eit av Holberg. Essay er ganske underhaldande lesing, så det kan bli spennande. Problemet er at eg er litt på bærtur angåande korleis eg skal gå fram. Men det ordnar seg alltid.
Free Hit Counter
Free Hit Counter