onsdag, mars 02, 2005

glows in the dark

Eg går rundt og er litt snødeppa. No var det jo så fint, sol og gode ting. Så kom det plutseleg snø natt til måndag. Ach. Vekk med seg!

På søndag var det endå sol og fint, så eg og Margrete drakk kaffe og mata duene ved Lungegårdsvatnet. Fuglar gjer mykje rart, som til høves å plutseleg lette, heile flokkar, og berre fly i ring over vatnet, før dei etter ei stund landar att. Me blei litt fascinert av dei. Er det rulering dei driv med? Kven tek i så fall initiativet til å rulere? Er det dei frekke måkene kanskje? Duer er trivelege, måker er frekke. Dei stel maten som var tiltenkt duene. Me såg for øvrig berre ei and, men den var triveleg nok. Det såg ut som om den lette etter hol i isen, som den kunne drikke frå. Men andre fascinerande skapningar dukka og opp. Som ei litt stakkarsleg dame som visstnok var ramma av revmatisme, diabetes, dårleg syn og trafikkskade. Ho ville selge oss ei diktsamling som ho hadde skrive. Det stod "Eget forlag" på. Me viste stor skepsis, men me var litt empatiske og. Me ville i alle fall vere det. Ein kar med gitar og Teezer-bag kom og forbi og ville ha pengar. Og ein gammal kar med gule negler ville ha røyk. Det var ikkje måte på. Men dei fekk litt båe to. Triveleg dag. Og Legal har god mynteté. Med honning og lime.

På laurdag var me på Hulen. Det var veldig bra, som det ofte er på Hulen. Litt som å kome heim, i alle fall denne gongen. No hadde eg ikkje vore der på tre-fire veker. Det er for lenge utan Hulen. Neste gong skal eg kjøpe medlemskort. Disco 2000 er ein bra låt. På alle måter.

I går leverte eg jobbsøknad hos Norli. Skumle folka. Triveleg belærande tone då dei fortalde meg at dei aldeles ikkje kunne forstyrre dagleg leiar i lunsjen, så eg fekk vær så god levere søknaden til dei i staden for. Heilt greit for meg, eg har då aldri bedt dei forstyrre ho i lunsjen, eg spurde berre om ho var til stades. Men no er i alle fall søknaden levert. Så får me sjå.

No er me i gang med å analysere Waiting for Godot, av Samuel Beckett. Eg er veldig glad i det stykket, spesielt fordi me hadde mykje om det på følgehøgskulen i fjor. I morgon skal me jobbe vidare med det. Også har eg grammatikk-forelesing. Som ikkje er fullt så spennande. Båe grammatikk- og lydlære-seminar i dag var utruleg keisame. Men sånn er det no. Eg lurer på kva eg skal finne på med resten av dagen. I går brukte meg og Erik mykje av dagen på å spele F-Zero GX. Gøy. Kanskje i dag og? Ja, det trur eg.
Free Hit Counter
Free Hit Counter