fredag, mars 25, 2005

and a paper plate of course

Akkurat no trur eg at eg er supermann og kan klare alt. Dette er berre fordi eg klarte å fikse lyden på pc'en til foreldra mine. Det mangla ein driver, og på utruleg vis klarte eg å ikkje berre finne ut av kva som var problemet, men og laste ned rett driver og i tillegg installere den. Og no virker lyden så godt som aldri før. Eller i alle fall så godt som før.

Dessutan, då eg byrja så smått på å rydde i kjellaren i går, fann eg bror min sin gode, gamle Nintendo64, med eit Zelda-spel som eg ikkje har spelt på lenge. No er eg i gang igjen. Og det er gøy. Og som om ikkje det var nok, så kom det for nokre få veker sidan ein ny trailer til det nye Zelda-spelet som kjem i haust/vinter ein gong. Eg gler meg som den ungen eg nok enno er.
Free Hit Counter
Free Hit Counter