mandag, februar 14, 2005

while you make pretty speeches

Gode ting skjer. I dag har det vore sol og blå himmel i Bergen. Lurevêr, som Erik kalte det, fordi det ser varmt ut men er jævlig kaldt. Men det er ikkje så farlig. Det har vore ein fin dag. Etter kollokvie gjekk meg og Margrete og kjøpte bøker for meste heile stipendet, kjendes det ut som. Så gjekk me og ei venninne av ho, Hermine, ned på Torgallmenningen og drakk Narvesen-kaffe i sola. Det kom ein irsk Amnesty-kar bort til oss, som i grunnen var umåteleg trivelig og sympatisk, og han snakka me med ei stund. Han fekk ikkje noko ut av det sånn i direkte forstand, fordi Margrete er med i Amnesty allereie, mens båe eg og Hermine støttar andre organisasjonar. Men han var no ein kjernekar. Og dessutan irsk. Det trekk opp meste uansett kva slag menneske ein er.

Bylarm var ein fin festival. Det vart ein litt hard båttur opp att, men det gjekk med naud og neppe utan bruk av spypose. Men Sletta var uroleg.
I dag oppdaga eg at eg har lagt igjen husnøklene mine i Stavanger. Det er i grunnen ein dum ting å gjere, men mor mi har allereie sendt dei opp etter meg.

Til helga speler Beautiful People på Kvarteret for 30kr. Eg gler meg. Det veit eg andre som gjer og.
Free Hit Counter
Free Hit Counter