mandag, februar 07, 2005

where no doctor can relieve me

Phonofestival på fredag var svært bra. Casiokids, The Turns og Greenland Whalefishers var alle eigentleg betre enn eg hadde forventa. Sistnemnde covra If I Should Fall From Grace With God, og dei spelte til og med den songen som eg ikkje heilt veit kva heiter, men som eg berre kallar No Nay Never. Peder syng ofte på den, fordi hans kjære Blackburn Rovers har adoptert den som supportersong. Eg er berre bitter fordi eg mista Greenland Whalefishers-buttonen eg kjøpte.

Laurdagens festivalkveld er det litt verre med, båe fordi eg ikkje hugsar den så heilt klart og fordi det eigentleg var litt skuffande. Low Frequency In Stereo var bra, Animal Town ikkje heilt så bra som eg hadde vona og Professor Pez hugsar eg ikkje noko av. Men eg var der visst.

Filmkveld i heimen i går. Først Requiem for a Dream. Ekkelt bra. Og så Alice in Wonderland, som ein motvekt, på sett og vis. Dessutan likar eg Ragnar Hovland endå betre etter at eg oppdaga at han referer til Alice in Wonderland i Dr. Munks testamente. Ei dame som forteljaren møter heiter Mimsy Borogov, som er ein nokså openbar referanse til "tullediktet" Jabberwocky i Alice. Det er eit fint dikt, heilt fritt for leksikalsk meining. Les det no om du ikkje har gjort det før.

I dag har Magnus og eg byrja på analyse av Vaaren, av Vinje. Me er komne godt i gang, vil eg seie. Vaaren er eit heksameter, fann me ut. Me vart uforskamma nøgde med denne oppdaginga.
Free Hit Counter
Free Hit Counter