lørdag, februar 12, 2005

to the other side

I går såg eg Major Parkinson, Marit Larsen, litt Vishnu, litt Goddammit, Rhumble In Rhodos og litt av nokon eg ikkje hugsar namnet på. Jo, The Vineyards var det visst. Major Parkinson spelte den beste konserten eg har sett på veldig, veldig lenge. Meir karismatisk vokalist har eg kanskje aldri sett. Nei, det har eg nok ikkje.
Marit Larsen var aldeles ikkje verst. Det måtte bli litt nedtur etter Major Parkinson, men meir enn godkjent var det likevel.
På Folken har nokon gjort ein ikkje godkjent jobb då dei plasserte Vishnu på storescenen og Goddammit på lillescenen. Stakkars Vishnu måtte spele for ein nesten tom sal, mens det vart stappfullt på Goddammit. For øvrig var Vishnu heilt ok, men sikkert litt prega av at dei hadde ein litt for stor og tom sal foran seg. Goddammit høyrdes lovande ut, men det er ikkje det heilt store å måtte sjå konserten frå sida. Rhumble In Rhodos var tøft, men eg tykte det vart litt mykje skrikevokal. Eg skjønar samanlikningane med Les Savy Fav. Men mannen kunne jo synge, så han kunne godt gjort litt meir av det i staden for skrikinga.

No må eg sjå å kome meg på besteforeldrevisitt snart.
Free Hit Counter
Free Hit Counter