onsdag, februar 23, 2005

the one that keeps the curtains closed

Me var på Lillebjørn Nilsen i går, og det var stort sett veldig trivelig. Han hadde fine Willie Nelson-fletter og sang fine songar, og han hadde til og med lagt inn ein pause midt i konserten, noko som fleire burde gjere når dei speler lange konsertar.
Scrabble- og Geni-vorspiel hos Margrete var og fint. Togtut er såvisst eit ord, meinte Margrete. Det er vel det då, sa me.

Elles er det framleis sol i Bergen. Det kan vel ikkje halde mykje lengre no. Det er grenser for kor mange soldagar me kan få utanom sesongen.

I dag må eg skrive første utkast på analyse av Studenten, av Tsjekhov. Det går vel, på eitt vis.

Eg skulle byrje på Katalognr. 49 av Thomas Pynchon i forrige veke, eller var det veka før? Men eg kom aldri lengre enn til side 6 eller sånn. Og nå må eg lese pensum i staden for. Ach. Eg skulle gjerne hatt meir spanande tekster på pensum. Og no skal eg snart ha seminar i engelsk grammatikk, og så amerikansk lydlære. Jubel og glede.
Free Hit Counter
Free Hit Counter