fredag, februar 11, 2005

it's a summer's breeze

No er eg heime, for å få med meg Bylarm. Eller "heime" må eg vel seie, sidan eg bur hos bror min. Dei driv og pussar opp badet heime, så dei har ikkje verken do eller dusj, stakkars. Så då bur eg her.

I går såg eg Christer Knudsen, Beautiful People, Mayflies, litt Gåte, Annie, litt Animal Alpha og Madrugada. Stort sett bra konsertar. Annie er ikkje så populær bland Folken-folka. Eg tykte konserten var heilt ok. Mayflies og Madrugada var nok dei to beste av dei eg såg. Madrugada fekk dessutan fordelen av å spele til slutt, så dei fekk spele dobbelt så lenge som dei andre.

No ser eg på VM-slalåm. Det er litt artig, for dei køyrer ut meste alle saman. Men eg trur kanskje at eg snart skal spele litt Playstation.
Free Hit Counter
Free Hit Counter