tirsdag, februar 08, 2005

i hope it's already too late

Etter ALLV101-forelesinga fekk me med oss Margrete, også fortsette me på analysen av Vaaren. Det vart eigentleg lite analysering, men desto meir snakk om ting som:
- Teikneseriar - me var alle einige om at Nemi er nokså dårleg, mens Tommy & Tigern kanskje er den beste som finst.
- Filmar - som eg for det meste ikkje hadde sett.
- Skodespelarar - The Kevin Bacon Game, som visstnok er å finne på imdb.com. Alle filmar kan linkast til Kevin Bacon, seier dei. I norsk film burde det same vere mogleg med Bjørn Sundquist.
- Såpeseriar - som eg i stor grad hadde sett i alle fall litt av.
- Dialektar - Magnus likar Stavanger-dialekta, Margrete likar den eigentleg ikkje, men det er avhengig av kven det er snakk om. Me var veldig einige i at Mia Gundersen snakkar heilt jævleg.
- Teiknefilmseriar - Simpsons, Futurama og Family Guy, for det meste. Eg for min del saknar South Park.

Dessutan lærte eg nokre nye ord som eg tykte var veldig fine. Desse orda finst i Vaaren, og var heilt uforståelege for oss. Men Margrete sendte melding til faren, som visste råd. Dermed lærte eg at:
- Sågiddre er det eg plar kalle luftspeiling, men som vel ikkje er akkurat det. Når du kan sjå den varme lufta røre seg rett over bakken.
- Fivreld er det same som sommerfugl.
- Dessutan meinte Magnus at åtgaum tyder det som bokmål heiter oppmerksomhet. Eg har aldri høyrd det ordet før, men det kan vel godt hende. Det hadde for øvrig ingenting med Vaaren å gjere.

Og det var vel i stor grad det eg har gjort i dag. No er eg snart på veg heim. Eg må vel prøve å få noko fornuftig ut av notatene me gjorde oss om Vaaren.
Free Hit Counter
Free Hit Counter