torsdag, februar 03, 2005

far away, far from pain

Every Night av Saturday Looks Good To Me er av dei mest sjarmerande platene eg har høyrd på lenge. Det trur eg at eg må seie. Også kosta den berre 129.

I morgon er det Phonofestival på Kvarteret. Eg er mest nysgjerrig på Casiokids og Greenland Whalefishers. Eit band som Shane MacGowan trur er hans eige når han høyrer dei, ligg godt an hos meg.

Eg leitar etter jobb, men det er vanskeleg å finne noko som lar seg kombinere med studier.

For øvrig er Dr. Munks Testamente ei god bok.
Free Hit Counter
Free Hit Counter