onsdag, januar 19, 2005

two and two always makes up five

Eg leste Mark Haddon si roman "The curious incident of the dog in the night-time" i sommar. Der fann eg eit artig matematisk problem (som eg kanskje heller vil kalle eit logisk problem). Eg tenkte ikkje så mykje på det då, men her om dagen nemnde Erik at han hadde høyrd om dette problemet, så eg fann fram boka og tok til å leite det opp. Det har seg slik:
Du er med i eit TV-program, og kan velgje ei av tre dører. Bak den eine er det ein bil, bak kvar av dei to andre er det ei geit. Du velgjer ei dør, og programleiaren opnar så ei av dei to dørene du ikkje valde, og bak den er det ei geit. Du får så ein siste sjanse til å ombestemme deg, og velgje den siste døra. Og her kjem "problemet":
Bør du no ombestemme deg og velgje den siste døra, eller bør du stå på den du valde først? Kor er sjansen størst for at du finn ein bil?
Dei som har lest boka eller kjenner til problemet, kan gjerne vente med å svare. Dei som trur dei veit det, kan svare om dei vil.
Free Hit Counter
Free Hit Counter