mandag, januar 17, 2005

stay home with me

På laurdag var eg på superheltfest hos Mari. Eg var Super-Tommy. På ettermiddagen laurdag sprang eg febrilsk rundt i diverse butikkar på leit etter kappe, maske og tøytiger. Til slutt måtte eg finne meg i å vere kreativ, så eg kjøpte ei ekstra t-skjorte som eg laga kappe og maske av. Også fann eg ein tiger som eigentleg er Tigergutt frå Ole Brumm. Men tiger er tiger, tenkte eg.
Det var ein del artige superheltar ute og gjekk. Dei tre musketerane, Peter Pan og noko me til slutt kom fram til måtte vere Johanne Blund, blandt anna. Og ein tøffelhelt.
Me enda opp på Macumba etter kvart. Eg trur me eigentleg skulle til Hulen, men det vart visst litt seint for det. Alt står ikkje heilt klårt for meg av ting som skjedde der. Eg er til høves litt usikker på om det var eg som vart sjekka opp av ho som sa ho var 26 men eigentleg såg yngre ut, eller om det var ho som vart sjekka opp av meg. Eller ein kombinasjon? Ho sa i alle fall at ho skulle tatt meg med heim om eg hadde vore 25. Men det er eg jo ikkje.

I går såg Erik og meg båe Kill Bill-filmane. Eg hadde berre sett den første. Dei er bra. Eg kjøpte dei og Being John Malkovich på laurdag. Eg må få sett den og snart, tenkjer eg. Eg kjøpte og Thomas Dybdahl sitt sistealbum og Cat Power sin What Would The Community Think. Eg vart litt glad i går kveld, då eg leste i Arne Næss-boka og plutseleg høyrde han snakke på ein av songane på Dybdahl-plata. Det var fint. Eg vart ikkje så glad då eg fann ut at discmanen min ikkje klarar å lese Cat Power-plata. Det var trist.

I dag må eg kjøpe litt pensumbøker. Også skal eg på infomøte om ein mogleg studietur til York, for ENG101. Eller, eigentleg alle engelskstudentar på 100-nivå, trur eg. I alle fall. Fred ut.
Free Hit Counter
Free Hit Counter