torsdag, januar 20, 2005

one day you'll dance for me

Tre ting:

1. Eg er nokså viss på at ingen har svart rett (eller skal det vere "det eg meiner må vere rett"?) på problemet frå i går. I morgon gir eg forklaringa.

2. I dag fekk eg eit elektronisk brev kor det stod at ein ung hobbyregissør frå Stavanger vil lage kortfilm av ein tekst eg har skrive. Eg sa sjølvsagt ja. Artig og smigrande.

3. Det har vore masse snakk om New York i diverse bloggar i det siste. Eg hiv meg på denne trenden, og nemnar at Icelandair har billeg-kampanje-billettar til New York, 3000kr tur-retur. Bestill innan 15. februar, reis innan 15. juni, eller noko slikt. Eg har lyst til å reise. Men då må eg droppe Roskilde. Hmm. Dette må vurderast.
Free Hit Counter
Free Hit Counter