onsdag, januar 05, 2005

need a car that can get me around

I går var eg litt mindre snill enn vanleg, og lasta eg ned ei greie som gjer at eg kan spele Super Nintendo-spel på PC. Så no sit eg og spelar Zelda. Det er mykje, mykje vanskelegare enn 3D-Zelda. Eg har døydd eit utal gongar. Men det er gøy. Eg vart veldig glad då eg såg at dei har mange av dei same namna, på byar og slikt, som i Zelda på Nintendo64. Ah, nostalgi.

No skal eg snart spise min sedvanlege porsjon med nattmat. Så skal eg prøve å leggje meg tidlegare enn i det siste. Eg trur det kjem til å gå dårleg, men det går no an å prøve.
Free Hit Counter
Free Hit Counter