mandag, januar 03, 2005

je t'aime the family

Det er jammen begrensa kor gøy det er å ikkje få sove. Men ein liten pause pleier å hjelpe.

Eg held på å lese ei bok med samtalar med Arne Næss. Det er utruleg kor fascinert det er mogleg å bli av noko som ein eigentleg forstå så lite av. Det siste kapittelet eg las no, var ein samtale med relativitetsfysikaren Øyvind Grøn. Dei snakka om den generelle relativitetsteorien til Einstein. Eg må berre medgå at eg heng ikkje med når dei snakkar om at sola bøyer lyset frå stjernene. Og eg skjønar ikkje kva dei snakkar om når dei diskuterer gravitasjonsbølger. Men det var likevel eit fascinerande kapittel. Ein del av Big Bang-teorien går visst ut på at universet i byrjinga utvida seg med ein uendeleg snøggleik (det ordet er berre fantastisk), om eg forstod dei rett. Dette går imot berekningane til Einstein, som seier at ingenting kan gå fortare enn lysets snøggleik. Men dei snakka og om at ein aldri falsifiserar teoriar, ein berre justerar og modifiserar dei. Arne Næss snakkar og varmt om possibilismen, som går ut på at alt er mogleg. Eg likar den haldninga. Eg likar Arne Næss og.

No skal eg prøve å sove.
Free Hit Counter
Free Hit Counter