mandag, januar 31, 2005

it's a love that has no past

Eg gav meg sjølv eit koffeinsjokk i går, og eg trur sanneleg det sitt i enno. Bakrus kombinert med ei kanne sterk kaffe utan å ha spist først gjorde meg til eit vrak som ikkje hadde evner til å gjere anna enn å ligge i fosterstilling på sofaen meste heile dagen. Det var hardt. Men herregud så godt kaffen smakte.

Men I am Sam var ein fortryllande fin film. Sean Penn er flink. Eg vart litt glad i den filmen. Og bra soundtrack har den og.

Elles har helga vore festleg, sånn i heilt bokstavleg forstand. Hulen var ein bra plass på laurdag. Men eg ser eit og anna sentralt dilemma i horisonten, som for så vidt ikkje har så mykje med Hulen å gjere, men litt likevel. Det skjer for mange ting på ein gong, og eg har litt vanskar for å halde følgje. Med meg sjølv, trur eg. Men det plar gå bra (eller gjer det? No vart eg litt usikker), og det gjer det sikkert denne gongen og.

I dag stod eg opp sju, fordi eg skulle på kollokvie i litteratur klokka kvart over åtte. Men så fann eg ut at eg like gjerne kunne bytte gruppe til kvart over ti. Det gjorde eg og det er eg sanneleg glad for. Det er ein god ting, eigentleg ein udelt god ting, men den inngår og i nemnde dilemma. Vonar det berre er eg som gjer for mykje ut av noko som er lite og ubetydeleg. Ofte er det sånn. Og no må eg handle inn litt brød. Det eg hadde lagt i frysen vart øydelagt. Dumme frys.
Free Hit Counter
Free Hit Counter