søndag, januar 02, 2005

i hope my pony knows the way back home

Eg hugsar mindre enn eg likar å hugse frå i går. Og eg hugsar eigentleg ikkje noko som gir grunn for å revurdere mi meining om at nyttår er oppskrytt. Spesielt nyttårsfylla. Men det var nå ikkje så ille,då. Trur eg. Eg trur eg la meg for så å stå opp att litt seinare opp til fleire gonger. Eg er nokså viss på at eg sov når klokka slo tolv, men eg var oppe i ett-tida. Også ringde eg til nokon som eg eigentleg vonar ikkje svarte. Ikkje på grunn av dei, men fordi eg, om dei svarte, ikkje veit kva eg har sagt. Herrejemini, meg og sprit. Neste nyttår vil eg gjerne hugse at eg held meg vekke frå sprit.

Litt for seint fekk eg invitasjon til ein fest med eigentleg langt meir interessante folk. Men då var eg allereie på Usken, og eg kunne ikkje godt reise heim att då. Eg må berre medgå at folk som diskuterer bussar og våpen, og viser bilete frå busstreff på laptop eigentleg ikkje er dei eg har mest til felles med. Dei er greie folk, men ikkje heilt dei eg trivst best med. Men full blei eg. Det stod ikkje på det.

I morgon (eller kanskje eg skal utsetje det til mandag) må eg byrja på rydding, vasking og maling av mitt gamle soverom. Også må eg finne meg ein jobb i Bergen. Det slo meg plutseleg at det er ein gamleheim rett borti gata vår. Eg kan vel ikkje seie at det er draumejobben. Men finn eg ikkje noko anna, så får eg spørje der. Ach so.
Free Hit Counter
Free Hit Counter