fredag, januar 21, 2005

i am back to save the universe

Tre ting til:

1. Forklaringa på problemet geit vs. bil: Om du ombestemmer deg, og vel den andre døra, er sjansen 2/3 for at du får bilen. Det høyres ganske rart ut, men sånn som eg har forstått det heile (om eg har forstått det heile), så er dette fordi:
I byrjinga har du tre dører, og det er ei geit bak to av dei. Sjansen for at du vel ei dør med ei geit bak, er då to av tre. Når den døra du ikkje valde blir opna, og det er ei geit bak den, er sjansen enno to av tre for at du står på ei dør med ei geit bak. Med andre ord, sjansen for at du finn ein bil om du skiftar dør, er to av tre.

Dette problemet vart presentert av ei dame som svarte på matematiske problem i eit tidsskrift i USA, trur eg. Ho fekk mange sinte brev frå matematiske professorar som meinte at ho tok feil, men ho stod på sitt. Eg tykkjer det er litt rart at desse professorane ikkje var einig med ho, når forklaringa er så enkel at til og med eg kan forklare det. Eller kan eg?

2. Det ser ut som at New York > Roskilde. I går var eg på Kvarteret med Mari, og då eg fortalde om billege flybillettar og planar om å gå til innkjøp av desse, meldte ho umiddelbar interesse for å vere med. Me hadde ikkje inntatt fleire halvlitere enn du kan telle på ei hand. Men me får sjå. Eg kjem nok til å reise uansett, så tar eg med meg dei som vil vere med. Eg har trua på at det blir ein bra tur.

3. I går var me ein heil gjeng som gjekk på kino for å sjå "Mot veggen". Veldig bra film. Tysk-tyrkisk. Veldig bra. Etter filmen gjekk me på Baran, og då dei andre gjekk heim, fortsatte altså meg og Mari til Kvarteret. Anne Cath ville ikkje vere med fordi "om ho kjende oss rett, så ville me bli seine". Me sa neida, men ho kjende oss visst rett. Det vart litt seint. Og det var ikkje lett å kome seg opp i morges. Men det gjekk. Og eg fann ut at eg har ein god og artig forelesar i Eng101 - Usage. Ho er engelsk, trur eg.
Free Hit Counter
Free Hit Counter