onsdag, januar 12, 2005

andy take a little snooze

Eg sjekka eksamenskarakterane mine i dag. D i Språk og språkvitenskap var litt skuffande. Eg hadde vona på C. Men B i Tekst og kultur er eg godt nøgd med. Eg la nok ein del meir i den enn i SP. Dessutan er det no meir stas og få god karakter på ein langsvarsoppgåve om litteratur enn på ein 5-timarseksamen om språklege definisjonar og terminologiar. Sjølv om eg gjerne skulle hatt ein betre karakter på den og. Men det er no greit. To B-ar og ein D i ex.fac. er eg sånn passe nøgd med, i alle fall. Eller kanskje litt meir enn sånn passe. Eg har trass i alt ikkje fått all verda til karakterar sidan ungdomsskulen.

I dag fekk me plutseleg ikkje signal på TV-en. Om det ikkje kjem att snart, må me sjå til å skaffe oss hobbyar. Eg vonar eigentleg litt på at det ikkje kjem att heilt enno. Det går så mykje dårleg på TV som eg likevel sit og ser på. Men eg reknar med at signalet er tilbake snart.
Free Hit Counter
Free Hit Counter