fredag, desember 03, 2004

thursday i don't care about you

Eg skal heim å spise etterpå. Men først:

41. Ditt mest vågale innkjøp?
- Ehm. Eg tykkjer eg er litt vågal når eg kjøper plater berre fordi coveret er fint. Dessutan kjem eg ikkje på noko anna.

42. Anser du deg selv for å være materialistisk?
- Tja, ja. Eg gjer vel eigentleg det. Men eg trur eg kjenner folk som er meir materialistiske enn meg.

43. Hva er du best til på kjøkkenet?
- Eg er ikkje så aller verst på mat. Også har eg bakt ein god del til jul kvart år, fordi eg vanlegvis gjer besteforeldra mine eit eller anna bakverk i julegave. Det kan vere gøy å lage mat, så lenge eg skal spise den sjølv.

44. Favoritt å skrive med?
- Det kjem an på kva eg skriv. Men tastatur er fint, og penn er fint, det og.

45. Rampelys eller en i mengden?
- Veldig situasjonsbetinga. Rampelys kan vere gøy. Men ein i mengda kan vere meir enn godt nok, det og.

46. Kunne du tenke deg å kle deg ut som det motsatte kjønn?
- Heh. Men ikkje for ofte.

47. Hvilken bil ville du aldri kjøpt?
- Dei fleste. Men ein sånn Mini kunne eg godt tenkje meg, om eg måtte ha ein.

48. Hvilke bøker liker du best å lese?
- Mange. Akkurat no les eg Dublin av Frode Grytten. Eg saknar Dublin. Eg kan vel forresten seie at eg likar gode historiar fortalt på ein spesiell måte. Språk er viktig. Catch 22 er den beste av dei alle.

49. Hvis du vant stort i Lotto, hva ville du brukt pengene til?
- Eg trur det hadde blitt ein del reising. Og ein fin leilighet (kva er nynorsk-ordet for leilighet?).

50. Begravelse eller kremering?
- Det har eg inga formeining om.
Free Hit Counter
Free Hit Counter