mandag, desember 20, 2004

there was a guy in the seat next to mine

No er eg altså heime. Det er fint å vere heime. No seier dei til og med at me får kvit jul, men det trur eg ikkje før eg ser det. Me hadde faktisk snø her heilt til i går. No er det berre slaps og is att. Men det er no sånn her i Stavanger.

Eg kan ikkje hugse om eg hadde noko spesielt å melde. Eg hadde nok ikkje det. Anna enn at eg såg Vanilla Sky i går, og vart litt imponert. Eg trur eg må kjøpe den, for den er nok verdt å sjå att. Eg skulle eigentleg jobbe litt med julegaver etter filmen, men så blei eg vel sitjande her i staden. I dag skal eg få gjort litt av kvart båe på julegaver og på den greia eg skriv på. Også skulle eg ha fått byrja på The Picture of Dorian Gray. Eg tenkte eg skulle lese den i jula.

Dublin-prosjektet vårt ser litt tynt ut for tida, er eg redd. Det ser ut til at det er ein del som ikkje kan, eller ikkje har råd. Råda ser det dårleg ut med for meg og, sjølv om eg nok skal klare å skrape saman noko om alle andre plutseleg kan og vil. Så det er kanskje betre om med tar det ein annan gong, slik at me kan få med alle. Eller kva tykkjer Thereso?

Oj. Hey Ya! kom akkurat på ITunesen min. Den er det lenge sida eg har høyrd. Morosamt. Flott sang.
Free Hit Counter
Free Hit Counter