onsdag, desember 15, 2004

the sun always shines

Heh. I følgje Studentweb har eg teke 50 studiepoeng i haust. Det er litt imponerande, når eg tenkjer på kor lite eg har gjort for det. No er det vel ikkje heilt rett at eg skal ha 20 poeng for Ex.phil berre fordi eg har tatt det fra før, men eg seier vel ikkje nei takk.

SP-eksamen gjekk sånn ganske som forventa. Heilt greit. Eg sleit lengje med å hugse kva formativ er. Men det kom til slutt. Og hadde det ikke gjort det, så hadde eg slått meg sjølv no. For akkurat det veit eg godt.

I kveld blir det semester-er-slutt-fest (type liten) hos oss. Eller hos meg, må eg vel seie, sidan eg er den einaste av oss som skal vere der. Det blir kos. Og i morgon reiser eg heim. Det blir og kos.
Free Hit Counter
Free Hit Counter