onsdag, desember 08, 2004

mercy's eyes are blue

TK-prøva gjekk bra. Om eg kan seie at eg hadde noko problem, så må det ha vore eit luksusproblem. Eg måtte velgje to spørsmål av fire, og eg kunne eigentleg alle sånn nokolunde godt. Så finfint. Då er eg i praksis ferdig med TK. Berre å levere oppgåva på fredag, og bestå SP-eksamen neste onsdag som står att.

Sidan "demokratiske" Morten ikkje ville ha noko fnass i sin adventsordkalender, så ser eg med nødd for å lage til ein slik ordkalender, eg og. Men berre for i dag. Dagens "ord" (i anførselsteikn fordi det ikkje eigenteg er eit ord) er altså: Fnass
Det betyr ikkje noko, men det er ein fin samansetning av bokstavar. Og det er eit mogleg ord i det norske språket. Altså, det kunne vore eit ord, fordi bokstavsamansetninga gjer lov til det. Men det er det ikkje.

Også siste del, endeleg, av denne greia her:

51. Hvor mange blogger leser du daglig?
- Ikkje så mange som eg kanskje burde. Ein handfull, trur eg.

52. Når er du en dårlig taper?
- Sjeldan, i alle fall om du spør meg. Og det gjer du jo.

53. Hvordan viser du en person at du ikke liker vedkommende?
- Eg trur eg forsøker å ikkje vise det. Og det er jo eigentleg litt dumt. Men slik er det no.

54. Gråter du foran venner?
- Det har vel hendt. Men sjeldan.

55. Hvilket førsteinntrykk tror du at du gir folk?
- Ikkje det verste, trur eg. en ikkje det beste heller. Sånn midt på treet, kanskje.

56. Hva gjør du bare alene?
- Skriv og les gjer eg stort sett åleine.

57. Gir du mer enn du tar?
- Eg trur kanskje ikkje er den rette til å svare på det. Men eg vonar at eg ikkje tek veldig mykje meir enn eg gir (eller er det gjer? Eg er visst ikkje så stødig i nynorsk som eg helst vil vere.).

58. Når gråt du sist?
- Sist gong eg var lei meg nok. Det er nok ei stund sidan.

59. Favorittmåte å kommunisere på?
- Eigentleg er det ingenting som slår eit godt, gammaldags brev. Eg er berre så altfor dårleg til å svare på dei.

60. Hvor mange drinker må til før du blir brisen?
- Eg drikk så sjeldan drinkar, at det veit eg ikkje.

61. Synes du at du er søt?
- Klart, det er difor eg brukar så lang tid på badet.

62. Er du komfortabel med å skifte klær foran venner?
- Stort sett så er ikkje det noko problem.

Endeleg ferdig med den.
Free Hit Counter
Free Hit Counter