mandag, desember 06, 2004

let down and hanging around

No har eg endeleg fått betalt husleia vår. Eg sendte dei eit elektronisk brev på fredag og skylda på banken. Alt er banken si skyld.
No skal eg kjøpe mat for det eg har att. Også skal eg helst ha att nok penger til å ta bussen til Hylkje på torsdag. Me skal invadere Åsane folkehøgskole litt. Ein liten invasjon. Eg vonar berre eg ikkje tok feil av datoane, og at det faktisk er på torsdag John Erik er på skulen. Eg trur eg bør sende eit slikt e-brev til han og.

På fredag hadde me vorspiel, med tre elevar frå Åsane. Skulen, altså. Det var gøy. Denne helga har eg brukt nesten ingen penger på masse gøy. Det er rart kor mykje penger ein sparar på å vere blakk.

I går fekk eg endeleg sett Shrek. Den var fin, den. Eg tykkjer det er så fint når ein tradisjonell historie blir fortald på ein måte som gjer den fengande. Eller bra, då. Finfint.

Mat. No.
Free Hit Counter
Free Hit Counter