lørdag, desember 25, 2004

just like the ones i used to know

Eg kan ikkje seie meg anna enn godt nøgd med kvelden. Mykje av det eg ønska meg mest, låg under treet. Fint og flott.

- 1stk. digitalkamera, type Olympus Camedia (stod øvst oppe på ønskelista.)
- 1stk. batterioppladar, type Energizer
- 6stk. oppladbare batteri, type Energizer
- 1stk. DVD, type Alice i Eventyrland
- 1stk. bok, type samtaler med Arne Næss
- 1stk. bok, type Dr. Munks testamente av Ragnar Hovland
- 4stk. historiebøker (morfar er veldig ivrig på å bli kvitt desse, og eg tar villig i mot, sjølv om eg enno ikkje har opna dei eg fekk sist jul. Men ein dag, morfar. Ein dag.)
- 1stk. tursekk (kjekt å ha. Eg får aldri nok frakteting.)
- 2stk. raggsokker (gode og varme.)
- 2stk. votter (kalde hender er ein uting.)
- 1stk. finskjorte
- 1stk. mappe til å bruke til dømes til studier
- 6stk. markertusjer
- 1stk. ostehøvel, type Synnøve Finden (hmm...)
- 400stk. norske kroner (kjem godt med i romjulutådrikkestria.)

Det trur eg var det. Og eg er altså godt nøgd. Mykje fint, mykje nyttig, mykje interessant. Dessutan brukte eg den nesten splitter nye bunaden min for første gong i dag. Det var stas.
Free Hit Counter
Free Hit Counter