onsdag, desember 29, 2004

for the wind to gather

I dag var eg i eit slags juleselskap saman med folk som eg ikkje har sett på eit års tid. Det var gøy. Og det ser ut til at eg blir å finne på Usken på nyttårsaftan. Usken er ei lita øy ute i fjorden her, kor Audun visstnok har hytte. Eg hugsar eg har vore på Usken før, sist gong då eg var sju eller noko slikt. Me var der og ein gong med barnehagen. Det blir visstnok ein del folk, og det blir heilt sikkert gøy. I morgon må eg hugse å gjere storinnkjøp av øl.

Det blir og Irishman og Guinness i morgon, ser det ut til. Guinness-elskande bygdefestgjengarar (især dei frå Romsdal) må gjerne misunne meg, om dei vil. Det blir godt. Men, er eg redd, dyrt.

Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å skrive noko om naturkatastrofar. Det er liksom ikkje så mykje å seie, kjenner eg. Men ein ting. Eg trudde at eg ikkje ville kome til å kjenne meg så berørt av det heile som eg faktisk gjer, fordi eg pleier å bli litt apatisk til slike ting som dette, når dei ikkje konkret riv meg ut av kvardagen. Spesielt når tala blir så store. Eg klarer ikkje å forhalde meg til så store tal. Men. Eg kjenner meg mindre uberørt enn av noko eg kan hugse av slike hendingar. Kanskje fordi eg får det inn heile tida. Eg veit ikkje. I alle fall.
Free Hit Counter
Free Hit Counter