tirsdag, desember 07, 2004

the dirt in your fries

Eg er positivt overraska over meg sjølv. Eg er i praksis ferdig med TK-oppgåva mi, fleire dagar før fristen. Det må vere personleg rekord, i alle fall kva skoleoppgåver angår. No ventar eg berre på slakt frå seminarleiaren min, slik at eg må skrive alt om att. Det hadde vore skoj.

Me har altså ikkje internett heime lengre. Det er vel grenser for kor lenge me kan leve på andre sin liberale holdning til å sende ut trådlaust internett. Men me får vel klare oss likevel.

No har eg tretten kroner på konto. Ni av dei skal brukast på brød, når eg har spist opp det eg kjøpte i går. Eg er svolten, eg må heim for å spise om ikkje lenge.

I morgon har eg førtifem minuttars prøve i TK, som eg må bestå. Eg trur det skal gå greit, men ein veit jo aldri. Eg var nett på lesesalen, og gjekk gjennom nokre spørsmål på usedvanleg slapt vis. Eg får satse på at eg får noko som eg kan.

Spise no.
Free Hit Counter
Free Hit Counter