torsdag, november 18, 2004

what you once were (isn't what you wanna be anymore)

Sist helg var fine helga. Me hadde folkehøgskule-reunion. Det var utruleg fint å sjå att folk. Ikkje det at eg ikkje ser folk frå Åsane så godt som kvar einaste dag. Men eg saknar dei som bur andre stadar. Og me hadde så mykje gøy på torsdag, fredag og laurdag. Spesielt på laurdag, må eg nok seie. Det var fint å vere tilbake på Åsane. Og dei eg kjenner frå det nye kullet ser ut til å vere bra folk. Jau, det var gøy. Eg blei litt trist på søndag, då alle reiste.

No planlegg me å reise til Dublin ei langhelg i vår, skrivekunstklassen frå i fjor. Me var på klassetur der. Og eg trur alle vil tilbake. Helst på same tid som klassen frå i år skal vere der. Læraren vår, John Erik, var positiv. John Erik er litt helt. Eg trur, eller eigentlig så veit eg, at eg aldri har hatt nokon betre lærar. Dublin blir bra.
Free Hit Counter
Free Hit Counter