tirsdag, november 30, 2004

up where there's an everlasting arm

Eg skulle eigentleg leggje med no, men. Eg tek ein til del av denne quiz-saka først. No må eg sjå å bli ferdig med den snart.

31. Hva har du i sengen når du sover?
- Meg, ei dyne og ei pute. I går skifta eg sengetøy. Det var fint.

32. Forteller du venner om sexlivet ditt?
- Sexliv? Kva meiner du?

33. Hvilke(t) språk drømmer du om å snakke flytende?
- Eigentleg fransk, eg tykkjer det er veldig fint. Men eg prøvde i fire år utan å lykkast. Men ein ting klarte eg: Å lure lærarane mine til å gje meg gode karakterar i faget.

34. Hvordan spiser du et eple?
- Eg spiser eple svært sjeldan. Men når eg gjer det, så spiser eg vel med skal og rundt skrotten. Skrott er ekkelt.

35. Hva drikker du helst på bar?
- Øl. Så godt som alltid øl. Guinness om det er å oppdrive, og om det ikkje er altfor dyrt. Eg er glad i Garage. Dei har ein pint Guinness til 43 før ti eller elleve eller noko slikt. Fine folka.

36. Har du piercing?
- Nei. Det har eg ikkje lyst på.

37. Har du noen tatoveringer?
- Nei. Men det kan eg kanskje ha lyst på.

38. Hvordan oppfører du deg bak rattet?
- Rolig, som vanleg. Og litt for ofte uoppmerksamt.

39. Hva må til for at du virkelig skal mislike noen?
- Det er ikkje så mange eg mislikar, eigentleg. Eg velgjer stort sett å ikkje bli kjent med dei eg ikkje trur at eg kjem til å like. Kva som må til, tja. Eg trur det kan kome veldig an på veldig mykje.

40. Hva for slags klokker har du?
- På meg har eg berre klokka på telefonen. Så har eg eit veggur på rommet, og ei klokke på stereoen.

NO skal eg leggje meg.
Free Hit Counter
Free Hit Counter