tirsdag, november 30, 2004

like little pages

No skjer det mykje rart med bloggen min. Først laga eg ein ny post, og oppdaga at alle dei gamle hadde forsvunne. Så klarte eg å få dei fram igjen, men då var den nye borte vekk. Eg forstår meg ikkje på dette.

Det eg skulle få fra, i alle fall, var at eg trur eg har blitt litt for komfortabel med Tekst og Kultur-oppgåva mi dei siste dagane. Neste fredag skal den leverast. Men i går natt sat eg oppe til halv tre og skreiv på ein prosatekst i staden. Eg kan ikkje seie at eg angrar, for eg er godt nøgd med det eg fekk skrive. Men det er kanskje ikkje så lurt at det går utover innleveringsoppgåver. Vel, det får så vere.

Det var eit par dagar no at me ikkje hadde internett. Det var på sett og vis ein god ting, av di eg fekk gjort ein del viktige ting. Som å kome i gang med den nemnde oppgåva. Eg er godt i gang. Men det er den vanskelege delen som står igjen.

I dag var me på quiz på Café Opera. Dei er harde, dei folka som er med der. Eg synst det gjekk rett så bra med oss, men me blei no berre nummer tolv eller noko slikt. På dei første femten spørsmåla trur eg me hadde to feil. Men så blei det verre. Me kunne trøyste oss med at vårt lag vant eit brettspel, Quizikon eller noko, i ein trekning. Så no er med betre rusta neste gong.

Eg har nesten bestemt meg for å reise opp til Åsane i morgon. Eg har lyst til å sjå korleis det går med tekstane dei har skrive. Therese, om du les dette før forelesning: Du skal vere med! (Ja?)
Free Hit Counter
Free Hit Counter