søndag, november 21, 2004

let's make it easy

Det er litt urimelig kor morosamt eg har det med slike ting som dette:

1. Hva er det mest nerdete/pinlige i musikksamlingen din?
- Det mest nerdete må vel vere alle Radiohead-singlane. Men dei har no mange gode b-sider, då. Det mest pinlige, tja. Nokon ville kanskje seie The Corrs Unplugged. Eg veit ikkje kva eg tykkjer om den lengre, det er så lengje sidan eg har høyrt på den. Men eg trur eg tykte den var grei nok sist.
2. Hva spiser du når du raider kjøleskapet om natten?
- Det kjem no heilt an på kva eg finn. Om det i det heile er noko godt der.
3. Hvilken søtsuppefilm sovner du ekstra godt etter å ha sett?
- Eg veit ikkje. Eg har ikkje sett så mange søtsuppefilmar.
4. Hvis du skulle foreta plastisk kirurgi, hva ville du gjort?
- Nei, kva skulle det vere? Eg har ingen store planar om å foreta nokon so, helst form for kirurgi, eigentleg.
5. Har du en komplett irrasjonell frykt?
- Eg har nok mange irrasjonelle antipatiar. Spisse sko, til dømes. Men det einaste eg kjem på av fobiar, er edderkoppar og ekle insekt. Og eg er ikkje veldig glad i rotter. Men det er kanskje ikkje så irrasjonelt?
6. Hva er din lille uvane som avslører deg når du er usikker?
- Eg er litt usikker på den. Hah. Hmm, kanskje at eg har vanskar med å finne ord.
7. Er du pyroman av natur?
- Nja. Eg vil kanskje ikkje gå så langt som å kalle meg pyroman. Men ild kan vere gøy. Ein fyrstikkeske kan gje meg mange gode stundar. Og lukta er fin.
8. Hva med kjærleiken, har du en tendens til å ha for mange menn/kvinner i livet?
- Det er vel ikkje det største problemet eg har, nei.
9. Kjenner du noen som er berømt?
- Eg er på hils med bassisten til Thomas Dybdahl. Eg har diskutert Modest Mouse og Built To Spill med han. Den djevelen har vore på konsert med dei. Elles trur eg det er dårleg med kjendiser. Jo, forresten, eg har spelt ein del fotball med ein Viking-spelar som av og til spelar A-lags-kampar. André Danielsen. Han er ganske god. Eg trur faktisk han moglegvis har U21-landskampar, eller i alle fal U19 eller kva det no er.
10. Beskriv sengen din?
- Det er lite å seie. Den er like rotete som rommet mitt. Akkurat no er den heilblå.
Free Hit Counter
Free Hit Counter