tirsdag, juli 05, 2005

you'll never need to doubt it

Eg keiar meg heime, og har i stor grad lite å melde:
- Eg er misunneleg på alle som var på Roskilde. Det er ganske bittert at eg ikkje var der, og attpåtil at folk som koste seg der nede sendte meg meldingar om at dei koste seg.
- Eg må stå opp nokså tidleg for tida, i alle høve til meg å vere, fordi eg driv og gjer småjobbar for morfar. Luke ugras, skrape maling, rydde garasje. Ting. Litt keisamt, men eigentleg heilt greit ein fire-fem timer om dagen.
- Eg gler meg til å reise til Bergen att.
- Eg gler meg og litt til å passe på hunden til nokre søskenbarn av meg. Familien reiser vekk, og eg skal ha ansvar for Casper. Han er ein snill hund. Eg trur det skal gå ganske fint. Sett vekk ifrå at eg moglegvis er allergisk. Men det fiksar vel ein Zyrtec i ny og ne, vonar eg.
- Alle avsnitta byrjar med "eg". Sett vekk ifrå dette. Men det er eit meta-avsnitt, og tel ikkje med.
- Og no skal eg sjå Simpsons!

torsdag, juni 23, 2005

they all melt down in summer

No sit eg i det nye husværet vårt. Me er litt forvirra angåande kontrakta, i og med at Magnus, som me har tenkt skal vere kontaktperson og som har snakka med huseigaren, har fått ei anna kontrakt enn den eg fekk nett no då eg kom inn frå regnet. Den eine seier 2725kr pr. person pr. månad, den andre seier 12000kr totalt. Skilnaden er altså på 275kr pr. person pr. månad. Eg vil tru at huseigaren vil påstå at det er den dyraste som gjeld, trass i at me ikkje har høyrd anna enn 3000kr inkl. straum, noko som tilsvarar den billegaste kontrakten, som eg sit med. Men no skulle Magnus ringe han i morgon, så får me sjå. Det er vel ikkje akkurat me som sit med dei beste korta her, reknar eg med.

Elles har eg nett fått vite at eg om få dagar får depositumet frå det gamle husværet inn på konto. 6700kr netto. I og med at depositumet på dette ikkje er på meir enn 3000 (evt. 2725, avhengig av kva som skjer med kontraktane), og at dette ikkje må betalast før i august, ligg eg godt i pluss no. Eller, det gjer eg vel ikkje. Eg skal jo betale leige for juli og august. Men så kjem i alle høve desse kronane godt med.

I morgon reiser eg til Stavanger att. Eg er litt ambivalent, men no er det jo meste ingen her lengre likevel, så det er vel like greit. For øvrig trur eg røykvarslarbatteriet må skiftast her snart. Det pip.

mandag, juni 20, 2005

that's not the way you do it

Eg kjenner for å skrive punktvis, utan at eg heilt veit kvifor. Kanskje er det tida. I alle høve:
1. Eg er ferdig flytta til nytt husvære. Akkurat no bur eg på sett og vis to stader, utan at eg betaler for nokon av dei. Det er litt rart, det der. Eg betalte den gamle (kor eg er no) til femtande juni, og no er eg her mest for å halde Erik med selskap, og for å få vaska ut og slike ting som blei litt forsinka pga. gravferda. Den nye betaler eg frå første juli, men dei som bur der no seier eg kan kome og gå som eg vil, greie som dei er. I tillegg kan eg reise heim til Stavanger når som helst, noko eg og har tenkt å gjere når eg er ferdig med alt her. Gratis mat er aldri å forakte.
2. Gravferda var fin, men slitsam. Det er ein påkjenning å sjå så mange nære menneske vere så prega. Men slik er no gravferder. Ikkje noko ein gler seg til, men likevel noko ein ikkje vil gå glipp av. Eg trur verkeleg det er lenge sidan eg sist var så sliten som då eg kom heim fredag kveld.
3. Sommarferie utan sommarjobb er eigentleg nokså keisamt. Eg har allereie byrja glede meg til semesteret byrjar att i august. Sommaren tenkte eg å bruke på lesing og skriving. Litt Hamsun og litt Pynchon vonar eg at eg kan klare å kome gjennom.
4. Sjå film basert på tekst. Eg nemnde dette for ei stund sidan. Filmen er altså laga med utgangspunkt i ein tekst eg har skrive, og det blei ein ganske så fin film. Eg mistenkjer dei for å vere dyktige folk, utan at eg har møtt nokon av dei. Men finfint resultat.

onsdag, juni 15, 2005

hot wire my heart

Sommarferien sitt inntog var dårleg tima i år, gitt. Alle har reist heim, og det er grenser for kor gjevande det er å sitte på Kvarteret og vente på folk som tydelegvis aldri kjem når eg vil dei skal kome. Eller i det heile, for så vidt. Eller, det veit eg jo ikkje. Men ikkje så lenge eg satt der. Eg er ikkje direkte overraska, då det skal noko til å treffe på folk tilfeldig, enno det berre er Kvarteret det er snakk om.
(Det er
lenge
til hausten)

Over til noko heilt anna. Jonathan Safran Foer har gitt ut ny bok. Debuten hans, Everything Is Illuminated, er smått fantastisk, som eg vel nemnde i bok-greia litt lengre ned på sida. Eg gler meg til å lese denne.

tirsdag, juni 14, 2005

fixing a hole where the rain gets in

Det er rart. I natt drøymde eg at eg var i gravferda til farmor. Då eg våkna ringte far min og sa at ho var død. Kanskje ikkje eigentleg så rart, i og med at me vel har venta på dette den siste veka. Nitti år er mykje. Så mykje at eg kan ikkje heilt skjøne det. Det er fire og ein halv gang så lenge som eg har levd. Lenge. På fredag er det reell gravferd. Det blir nok litt spesielt.

Dagane går utan at eg gjer noko av det eg hadde tenkt å gjere, eller burde gjere. Eg bør nok likevel byrje på pakking i morgon, i og med at eg skal flytte til helga. I morgon bør eg og ta ein tur til Kvarteret, for å sjå om det er nokon der eg gjerne vil snakke med. Det kan hende det er. Det kan og hende det ikkje er, men det finn eg ikkje ut om eg ikkje går innom.

tirsdag, juni 07, 2005

i wish someone would give me something to do

Ferdig med eksamen. Den skriftlege oppgåva holdt til B, og munnleg gjekk ikkje verre enn at eg fekk B i sum. Å seie at det gjekk bra ville vere å ta litt hardt i, då eg hadde store problemer med å seie noko særleg fornuftig om "Der alle stier taper seg" av Paal Brekke. Eit godt dikt er det, men ikkje det enklaste å plukke fra kvarandre på sparket. Eg skulle gjerne fått Shakespeare si Sonette 18, men den fekk visse, heldige andre. No har det jo lite å seie, i og med at eg uansett havna på B. Heldigvis. Eg trur eg redda meg inn på essaydelen, kor eg faktisk kunne seie ein heil del om "Om bøker" av Montaigne. Og no har eg altså sommarferie. Enno har eg ikkje fått svar angåande sommarjobb. Dei neste dagane trur eg at eg skal bruke til å lese Thomas Pynchon. Eg trur det kan vere triveleg å gå på lesesalen for å lese noko anna enn pensum.

Elles har me funne ein stad å bu. Lite, men triveleg. Også får eg eit nokså stort soverom. Større enn stova. Men det seier ikkje så mykje, all den tid stova når det gjeld storleik kan samanliknast med eit middels kott. Men det går vel bra. Me skal bu saman med to andre, som flytter inn i august. Anar ikkje kven eller korleis dei er, men eg trur det skal gå greit. Billig er det og, med 3000 i månaden inkludert straum. Gler meg litt til å flytte. Snart må eg byrje å pakke. Og senga mi er øydelagt. Hmm. Kanskje eg berre skal sove på madrass på golvet i natt.

Laurdag var artig og morosam. Eg veit ikkje kor ølprisene landa til slutt, men eg trur eg hugsar at det kosta 15 ei stund. I alle fall så var det stas, og mange bra folk hadde funne vegen. Men kvifor i alle verda sendte eg ei melding kor det berre stod "Kommainergt!" klokka 4 på natta? Det er eit mysterium.

Og her om dagen fekk eg kjøpt dagspass til Sonic Youth-dagen på Øya. Skuffa over at eg ikkje får med meg Dinosaur Jr, men slik er det når ein er seint ute. Eg gler meg i alle fall. Eg må oppdatere meg på fleire Youth-album i løpet av sommaren. Det gler eg meg og til.

lørdag, juni 04, 2005

i've never caught a glimpse

Oj. Klokka seier plutseleg at eg er ett år eldre. Men eg føler at forskjellen mellom 22 og 21 er ein del mindre enn forskjellen har vore dei siste åra. I alle høve bør det bli ein god dag i morgon, med Tøm Tankene på Hulen som høgdepunkt. Eg trur sanneleg eg har klart å lokke med meg dei aller fleste til å vere med. Det var ikkje vanskeleg. Eksamen på måndag er sjølvsagt inga hindring i forhold til å feire med boller og brus. Det blir nok stas.

Eg trur kanskje at eg ein eller annan stad langt inne i hovudet mitt hadde tenkt å fundere på det å bli eldre. Men det er så teit at det bør eg helst ikkje gjere. Det er så teit på alle måtar. Eg trur eg lar det vere med dette.

søndag, mai 29, 2005

only want to see you dancing in the purple rain

Blåtur med Kvarteret i går. Me var visst ein stad i nærleiken av Øygarden, utan at eg er heilt viss på akkurat det. Det er heller ikkje veldig vesentleg kor me var. Viktigare var det at det der stod to fulle kjøleskap med øl, som me fekk klar beskjed om å drikke opp innan me skulle reise heim att. Eg veit ikkje om me drakk opp alt, men eg trur eg bidro godt i alle høve. Og ikkje nok med det, me kom til Bergen igjen akkurat i tide til nachspiel på Villaen. Det blei i det heile ein lang dag. Og ein fin tur var det og.

Ikkje fullt så hyggeleg var det at eg ikkje kom inn på Skrivekunstakademiet denne gongen heller. Men det positive med det er at eg får dratt på utveksling tidlegare, i og med at eg ikkje må ta pause i studiet. Eg må berre ta ein prat med dei som styrer med utveksling, å finne ut detaljane.

Hmm. No skulle det vere vår. Det er ikkje så veldig vår.

onsdag, mai 25, 2005

when i set myself on fire

1) Hvor mange bøker eier du?
Kanskje rundt 50? Eg er ikkje sikker. Eg treng i alle fall meir bokhylleplass til neste år.

2) Hvilken bok var den siste du kjøpte?
Tru om det ikkje var Gravity's Rainbow av Thomas Pynchon. Eg kjøpte den samtidig med at eg kjøpte Catch-22 i bursdagspresang til bror min. Etter det kan eg ikkje hugse å ha kjøpt fleire bøker.

3) Hvilken bok var den siste du leste?
Det var Katalognr. 49, og av Thomas Pynchon. Etter det har eg byrja på både Something Happened av Joseph Heller og nemnde Gravity's Rainbow, utan å kome så langt. Så har eg med jamne mellomrom kikka i Formular av Markus Midré.

4) Nevn fem bøker som betyr mye for deg, og som du har lest mer enn tre ganger.
Eg trur ikkje det finst fem bøker eg har lest meir enn tre gonger. Eg har nok med å kome gjennom dei éin gong. Men det første kravet kan eg oppfylle:
- "Catch-22" av Joseph Heller. Måten den er skriven på er gjennomført fantastisk. Den har eit språk og ei form som er eit par hakk over det meste anna eg har lese.
- "Sveve over vatna" av Ragnar Hovland. Eg trur eg kan seie at Hovland er mannen som fekk meg til å ta det siste skrittet over til nynorsk. Også kjenner eg meg veldig igjen i forteljaren.
- "Everything is illuminated" av Jonathan Safran Foer. Det er rart at eg stadig vekk gløymer kor sterk inntrykk denne boka gjorde då eg las den, for halvanna år sidan eller sånn. Det er noko eg ikkje heilt kan sette ord på med denne boka. Den har påvirka heile måten eg ser på litteratur på, trur eg. Eller måten eg skriv på, kanskje. Det hadde vore ein god ting, på sett og vis.
- "Alice in Wonderland" av Lewis Carroll. Verdas beste barnebok. I alle fall som eg har lese. Eg skulle ønske eg hadde så rik fantasi som Carroll.
- "High Fidelity" av Nick Hornby. Heh, denne må meste vere med. Og den har eg faktisk lest minst tre gonger. Den er fin. Kanskje ikkje så mykje meir, men av og til treng eg ting som ikkje er så mykje meir. Eller ikkje så mykje i det heile.

5) Oppfordre fem personer til å fylle ut denne i sin blogg:
Dei som vil.

tirsdag, mai 24, 2005

it was only fair

Både i går og i dag hadde eg planlagt å stå opp tidlig, og dra på lesesalen for lese lyrikkteori. Men eg kom meg jo ikkje opp, verken i går eller i dag. Latterleg arbeidsmoral. I morgon skal eg opp. Skal. Må, forsåvidt. Det er ikkje meir enn to veker til eksamen, og eg skal lese både lyrikk og essay. Hmm.

Elles skjer det brått spennande ting med folk rundt meg. I første rekke er det hyggeleg og flott. I andre rekke får det meg til å innsjå at det i grunnen skjer veldig lite spennande ting med meg. Men men. Eg blir stort sett utelukkande veldig glad av at fine ting skjer med folk, så og no. For øvrig kan det godt bli litt meir sol her den neste tida.

Denne kortfilmen eg nemnde for ganske lenge sidan, som blir laga utfrå ein tekst eg har skrive, er visstnok meste ferdig, og skal kome dumpande i posten neste veke eller så. Det gler eg meg til. Regissøren sendte meg eit bilete frå filmen, og det såg ikkje dumt ut. Men det er vel grenser for kor mykje eit bilete kan seie om ein film, til og med ein kortfilm.

Det trur eg er alt eg har å fortelje. Fred ut.
Free Hit Counter
Free Hit Counter